Blir skremt og svært bekymra over å lese kommentarene under - TopicsExpress



          

Blir skremt og svært bekymra over å lese kommentarene under dette innlegget. Nesten så eg vurderer å bytte jobb.... Kva ville blitt løysinga om ingen ville arbeide i NAV? Korleis skulle velfersordningane då behandlast og utbetalast... ? Er det slik at vi som arbeider på NAV ikkje skal ha same sikkerheita på arbeid som andre, at vi er fritt vilt berre fordi vi av og til må fortelja at folk ikkje fyller vilkåra innanfor loverket. Dessutan er det no eingong slik at det ikkje er lokalkontora som sit med utbetaling av velferdsgodene, vi er berre veiledere som bistår og hjelper til for at ting skal bli rett. Ja eg forstår det går an å bli frustrert over pengane ikkje kjem eller at ting tek tid. Er heilt greit å ytre sin frustrasjon, men frå å kome med fustrasjonsytringar til trugsel, vold og ytra at det er greit med slike hendingar vi har opplevd i NAV den siste tida, vel det er lavmål. Det er greit vi har ytringsfridom i Noreg, men kvar går grensa mellom ytring og trugsel? Holdningane i innlegga under er i allefall skremmende og, vel ja eg vurderer å skifte jobb når eg les slike innlegg.....
Posted on: Sat, 17 Aug 2013 08:56:49 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015