Då er eg kommen i godstolen. Snart ei veke sidan eg var i - TopicsExpress



          

Då er eg kommen i godstolen. Snart ei veke sidan eg var i Balestrand og feira 40 års jubileum. Kjekt å sjå att gamle klasse venner. Store forandring på nokon slik som skribent og Seiz som den gang hadde langt hår (og dei finaste krøllene) no ikkje behøvde bekymre seg for lus og kamb truleg ikkje nytta dei siste 25 åra. Yrkesvalg var svært forskjellig. Ordførar og prest, rådmann og bonde, lærar og ingenør. Tilmed i min bransje var det fleire ,og i løpet av kvelden vart "lagbygging" nødvendig. Ordren vart så stor at eg måtte få inn byggingenør Arne som prosjektør, eg som levrandør,Gunnar transportør, og Seiz som utførande. Neste år er sikra....... Kjell fortalde ellers ei svært dramatisk og sterk historie om sine opplevingar av terrorangrepet av Statoilanlegget i Algerie i år. Ein liten nedtur opplevde eg. Søndag skulle vi gå frå Kvikne og opp på Realskulen. Som den "høflege" personen eg er syntes eg att vi 3 som gjekk var naturleg at jenta skulle gå først opp den bratte stien. Eg skulle angre bittert. Her gjekk da unna. Halvveis var pusten min svært kort, svetten pipla av panna og skjorta sat klistra til ryggen. Då høyrer der framme frå Doktor Turid. Forrige helg sprang eg halvmaraton på 1time og 29 min. Å da seier du no klarde eg å stønne fram. Greit at doktora har tausheitsplikt, men opplysningsplikt har dei vel..... Ho var no grei så eg fekk låne ein pakke med papirlommetørkle til å tørke svetten og så fekk eg gå først ned att. Helga vart avslutta med gudsteneste i den Engelske Kyrkja framifrå leda av min romkamerat og no prest Audun Systad. Takk til alle som var med og gjorde denne helga svært minneverdig.
Posted on: Fri, 13 Sep 2013 19:33:29 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015