Eg tenkte då eg levde… Eg tenkte då eg levde i syndelivet - TopicsExpress



          

Eg tenkte då eg levde… Eg tenkte då eg levde i syndelivet vilt, skal eg ein kristen verta, er all mi gleda spilt. Men dette var eit mistak så stort som ingen finn, No er eg glad som aldri før, for no er Jesus min. Eg høyrde røyster seia, du ennå er for ung, - skal du ein kristen verta, du fær ei bør så tung. Men sidan i min ungdom meg Jesus fekk som sin, Eg er så glad som aldri før, for no er Jesus min. Eg tenkte at eg aldri meir vener kunde få, når eg med bønefolket som lesar skulle gå. Men kor eg kjem i landet og ferdast ut og inn, eg vener finn som aldri før, for no er Jesus min. Eg høyrde Satan seia då Gud meg vart for sterk, eg berre var ein hyklar å falsk i alt mitt verk, Men aldri slik ein hyklar som Satan nokon finn, eg hatar han som aldri før, for no er Jesus min. Vel får eg ofte merka at fienden er sterk, men aldri kan han tyna min Frelsars store verk. Å står han meg i vegen, i Kristi kraft eg vinn, som aldri fyr må satan fly, for nå er Jesus min. Ja, det er fryd å leva med slik ein hjartesong, då livsens veg, den smale, meg aldri vert for trong. :/:Å snart så er eg framme å går i himlen inn, då syng eg glad som aldri før, min Jesus, du er min :/:
Posted on: Sat, 14 Sep 2013 13:51:03 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015