Eit viktig poeng i desse sonderingstider: Kvar ligg det nye - TopicsExpress



          

Eit viktig poeng i desse sonderingstider: Kvar ligg det nye politiske tyngdepunktet? Dagens regjering har mista fleirtalet og må gå av. OK, men FrP har åleine tapt nesten like mange mandat (-12) som dei raudgrøne til saman (-14) og er på ingen måte nokon valvinnar. Det er sentrumspartia Sp+Krf+V (+6) og Høgre (+18) som har styrka seg i Stortinget, og alle desse partia ligg mellom Ap og Frp. Eg personleg finn det derfor urimeleg at ytre høgre fløy, som har tapt stort sidan førre valet og som står mutters åleine i svært mange saker, skal få definere politikken dei neste fire åra. Valresultatet varslar ei kursendring, men mandatet frå veljarane er på ingen måte blå-blått. Det er meir ei justering i retning sentrum.
Posted on: Thu, 19 Sep 2013 09:55:52 +0000

Trending Topics



iv>

Recently Viewed Topics




© 2015