Kvar einaste morgon, med start før kl. 8, har eg nokre trimrundar - TopicsExpress



          

Kvar einaste morgon, med start før kl. 8, har eg nokre trimrundar opp og ned vulkansider i nærområdet. Det er ei sysle som også andre driv med, dei fleste av dei i tettsitjande slimfit-trikotar. Det merkelege med desse, alle som ein, er at det ligg ein eim etter dei, av dusjsåpe og deodorant og parfyme og etterbarberingsvatn, ein eim som riktig nok lettar etter omlag 50 m, men som får meg til og undrast om det er eg som er litt rar, som opptrer i ei formlaus t-skjorte str XL, som stinkar sveitte før halvtimen er gått, og som dusjar og steller meg litt ETTER trimøkta.
Posted on: Mon, 08 Jul 2013 16:14:21 +0000

© 2015