Nett no kjenner eg mest for å skrive om vakre ord og vendingar. - TopicsExpress



          

Nett no kjenner eg mest for å skrive om vakre ord og vendingar. Eit av de vakraste orda eg veit, er kjenslevar! "Eg satt der i hausthutra med ei kjenslevar nerve og lukta på angsten som stadig kom snikande. Gud kor eg skulle vore denne forutan, tenkjer eg, medan eg super i meg restane i glaset. Det er god medisin, dette. Tankane krinsar kring alle dei som ikkje er lengre. Dei som har gått bort. Eg må få sett dette ned på papir, tenkjer eg idet eg sjenkjer i ein til. Berre ein." Det vart visst fleire den kvelden, men eg skreiv ikkje då. Eg skriv det no. Til ettertanke.
Posted on: Thu, 01 Aug 2013 21:43:28 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015