Dag 15: San Diego er ein viktig base for Stillehavsflåten, og ved - TopicsExpress



          

Dag 15: San Diego er ein viktig base for Stillehavsflåten, og ved kai i byen ligg også det utrangerte hangarskipet "Midway", som i dag er marinemuseum. Eg nytta sjølvsagt høvet til å ta ein kik på denne frykta kjendisen på dei sju hav. "Midway" vart ikkje ferdig tidsnok til å ta del i sluttkampane i Stillehavet i 1945, men har elles vore ein frykta gjest ved mange sine strender etterpå. Ikkje berre i konflikter rundt Stillehavet, som Korea- og Vienamkrigen, men "Midway" var også flaggskip under den første Golfkrigen i 1991. Det vart ein svært lærerik rundtur heilt frå maskinromet til flydekket, med innlagd lunsjpause i kafeen på akterdekket. Eg vart mest forskrekka over leikeavdelinga i suvenirbutikken og den hemningslause krigsromantikken som amerikanarane forar borna sine med.
Posted on: Fri, 27 Sep 2013 07:41:53 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015