Eg er så lei av sutring og klaging! Det ser ut til å vere den - TopicsExpress



          

Eg er så lei av sutring og klaging! Det ser ut til å vere den nye folkerørsla å sutre. Sutre på stat, sutre på regjering, sutre på kommune - eller finne noko anna greit å sutre på. Særleg på Facbook gjer dette seg utslag og spesielt nå føre valet. Folk deler sutrebilete der svake grupper vert sett opp mot kvarande (døme - eldre mot romfolket), dei sutrar og klagar over veg og bompengar, dei ristar på hovudet og skrik over vanstyret til raudgrøn regjering - akkurat som om eit regjeringsskifte ville gjere så mykje frå eller til. Raseri og sutring går mot trygd og sosialstønad. Det blir sutra mot lite bruk av oljepengar, samstundes som ein grin over mykje bruk av dei same pengane. Og når alt kjem til alt så sit eigentleg sutraren der og kastar stein i glashus. Kjære venner - om dykk ikkje veit det - dei fleste har det så godt i dette landet at alle andre misunner oss. Diverre har vi blitt eit folk av sutrarar fordi vi har det så greit at vi har blitt blinde for det som verkeleg er dei store utfordringane me står ovanfor. Eg er lei meg om eg nå har trakka nokon på tåa, men det gjorde så godt å få sutra litt frå seg. Ha ei fin sutrefri helg :-)
Posted on: Sat, 29 Jun 2013 08:55:08 +0000

Recently Viewed Topics




© 2015