Eg har eit dikt av Tor Jonsson (1916 - 1951) i dag.Han vart fødd - TopicsExpress



          

Eg har eit dikt av Tor Jonsson (1916 - 1951) i dag.Han vart fødd i fattige kår på ein husmannsplass i Lom. Det vart ikkje så mykje formell utdanning, men han var gåverik, og i 1945 vart han journalist, og seinare redaktør i avisa Hallingdølen. Han debuterte som lyrikar i 1943, og utga 3 diktsamlingar til før han døydde for eiga hand. Mykje av det han skreiv var oppgjer med urettvise og undertrykkjing av dei små i samfunnet. Dikta handlar ofte om kjærleik og død. Dette kjærleiksdiktet står i samlinga "Berg ved blått vatn" (1946): NORSK KJÆRLEIKSSONG Eg er grana, mørk og stur, Du er bjørka. Du er brur under fager himmel. Båe er vi norsk natur. Eg er molda, djup og svart. Du er såkorn, blankt og bjart. Du ber alle voner. Båe er vi det vi vart. Eg er berg og naken li. Du er tjørn med himmel i. Båe er vi landet. Evig, evig er du mi.
Posted on: Sat, 14 Sep 2013 14:57:19 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015