FILMANE ME VIL SYNA UNDER ÅRETS FYRSTE DOKPILS ER: MAGNUS EN - TopicsExpress



          

FILMANE ME VIL SYNA UNDER ÅRETS FYRSTE DOKPILS ER: MAGNUS EN VÅRDAG - Filmen fekk hederlig omtale av fjorårets jurye! Me blir med Magnus Lilleberg på ei intimreise inn i kvardagen hans som heroinist i hovudstaden. Han filmar sjølv med sitt handhaldne kamera, og han beskriv ein tøff røyndom utan å krevje medkjensle attende. VINO ASPIRINO - Asprino er ei svært særeigen vindrue som berre veks på eit lite område nord for Napoli. På grunn av kostnadane med å plukke drua, som veks på ekstremt høye vinranker, er dette ein utdøyande vintradisjon. Denne filmen er ein hyllest til ein av dei mange gamle tradisjonane som forsvinn med storkonsumersamfunnet. DAGANA FLYG - Noreg er kåra til verdas beste land for mor og barn. Me ligg på verdstoppen i antall kvinner i arbeid. Samstundes melder forskarane at norske kvinner har 60 prosent høgare sjukefråver enn menn. Sjukefråveret aukar for kvart barn, og det aukar ytterlegare om ein har full stilling. Me møter Charlotte og Anne. Begge er høgt utdanna, begge har tre born.
Posted on: Mon, 27 Jan 2014 14:58:12 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015