Godmorgen! Kvardagen er igang og hjul og ventilar må ha smurning - TopicsExpress



          

Godmorgen! Kvardagen er igang og hjul og ventilar må ha smurning i alle rettningar! Melding til korpset i Fresvik er sendt, for å minna dei på øvingen ikveld, og svara plingar inn: -kan ikkje skal ha fotballkamp i kveld-, - trur eg kjem ikveld-, og frå vidaregåande elevar: skule i morgon so eg kjem nok ikkje i kveld heller desverre! Slik er det no på hausten, og snart er alle hengekampar over, og då er håndballen i gang! Og alle andre organiseringar som også låner mine musikanter. Me rakk no over mykje i gamle dagar også, ikkje sant? Var med på det meste so skjedde i bygda! Tidlegare denne veka, bestemte musikantene i Feios at dei ville prøve andre instrument!!!! Heilt greitt, berre 4 veker til marknad og konsert! Kornett vart althorn, horn vart baryton, og dirigent spelte tuba. Kjekt å sjå ungar som kosar seg og smiler med både munn og auger mens dei spelar. Mot slutten av øvingen kom det fleire vaksne til, og det vart tid for å ta og gje, litt brannslokking og snakka ungane tilbake til instrumenta sine, med unnatak av to som blir på ny plass i rekkene. Me vart alle einige, og eg kan med godt samvet planlegge konserten om 4 veker!! I Vik hadde me i vår ein skikkeleg oppgang i tal medlemmar. Hausten kjem og det som skulle vera ein dans på roser vidare, vart tornette og meir glissent i rekkene enn det eg hadde håpet! Men håpet om nye høgder lever, me hentar inn ny energi og trør til med ny rekruttering. Med 19 aspirantar i 4 og 5 kl bør me klare dette og. Ny dag ventar, med nye sjangser!
Posted on: Thu, 26 Sep 2013 06:20:40 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015