Imorgon, laurdag, skal eg gjere noko heilt nytt. Saman med - TopicsExpress



          

Imorgon, laurdag, skal eg gjere noko heilt nytt. Saman med engasjerte Ellen Lyngvær Hjelset! Ho er områdeleiar for 2 barnehagar i Molde - og eg har fulgt henne og barnehagane meir eller mindre i 8 år. Som prosessveiledar og Coach i kulturendringsprosess og implementering av LØFT. Ho har sertifisert seg på LØFT med barn med Ben Furman. (Jeg kan). Og eg er sertifisert i å skape løysingsfokuserte arbeidsplassar. Kort fortalt: den eine etter andre barnehagen som ho har vore leiar for fått LØFT som ein del av kulturen sin. For nokre år sidan, vart det så merkbart at foreldra byrja og etterspørre kva var det som gjorde dette - og kva var LØFT? Da hadde eg LØFt kurs for foreldra! Så sertifiserte ho seg, og byrja og veilede dei foreldra som ville - i å ha eit løysingsorientert fokus saman med borna sine. Og i fjor laga dei prosjektet LØFTis - for 5 barnehagar i Molde, der alle fekk del i denne tankegongen. Imorgon skal vi SAMAN ha kurs for over 100 private barnehagetilsette(Mobarn), der eg bl.a skal snakke om at ein løysingsfokusert kultur startar med oss vaksne - og ho skal snakka meir om LØFT i møte med born! Dette er STORT og vi GLER oss!
Posted on: Fri, 18 Oct 2013 07:40:26 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015