Nytt år, nye mulegheitar. 2013 var eit interessant år for - TopicsExpress



          

Nytt år, nye mulegheitar. 2013 var eit interessant år for fotballen i Gausdal, spesielt på juniorsida. Det var eit lag i bygda som vann fotballkampar og presterte på det høgste nivået, medan vi samla opp resten av ungdommen og tapte alt. Trass i nederlag på nederlag, nokon av dei store, andre knepne - nå skal det vera nemnt at vi klarte ein uavgjort i det som må vera den mest underhaldande fotballkampen i fotballhistoria - så møtte dei opp gong etter gong, og med stigande mot, humør og von. Sirkuslaget nytta seg av over 60 - seksti! - spelarar i løpet av kampane i 2013. Nå skal det vera sagt at vi ofte omgjekk reglar og nokre gonger lot reglar vera nyss det, reglar, og tok med oss spelarar på kamp likevel - mellom anna U17-landslagsspelarar for Australia - men det er slik det må vera på dette nivået. Reglar er ei ramme. I ei kommune med litt over 6.000 innvånarar så er dette overveldande tal og i prosent av talet på ungdommar i aldersgruppa 16-19 år må det vera ei form for rekord. Tal er uansett matematikk, matematikk er logisk, og all logikk strider mot det som hendte på Sirkuslaget i fjor. Difor let vi tala liggje. Kor går vegen vidare? I dette lagets ånd så kom sjølvsagt spelargruppa dagen etter at frista for påmelding av lag og ytra ønskje om å spele fotball att i år. Underteiknade trudde at dei hadde fått nok av nederlag og strid for sin eksistens og tenkte ikkje at dei ville gje seg i kast att i år. Slik er det. Reglar og frister legg rammer for idretten, og desse er det som i samfunnet elles mange som vil felle utanfor. Vel, for seint ute som vi er så får vi sjå kva vi ender opp med. Ein av dei ivrigaste spelarane i fjor ytra faktisk at Sirkuslaget var livet hans. Vår protest mot firkanta, samlebåndsprodusert, moderne fotballtenking var visst ein suksess. Vårt mål var å samle i hop alle dei som fall utanfor den rådande tenkinga. Samstundes tenkjer underteiknade at det hadde vore morosamt å ta eit år til med karneval og sirkus, sjølv om ein kanskje burde gje seg på topp. Vi legg med ein avisartikkel og spør kor mange som kan kjenne seg att i sogene som kjem fram her, og om det ikkje er verdt å kjempe i mot vidare: nettavisen.no/sport/fotball/foreldre-og-trener-plukket-ut-de-beste-guttene--og-reiste-pa-turnering-i-all-hemmelighet/5173342.html Godt nytt fotballår til alle, både dei om vil bli best og vonleg dei som berre vil ha moro!
Posted on: Wed, 05 Mar 2014 19:02:29 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015