HEIMKOME ETTER EIN FANTASTISK TUR TIL ISRAEL, PALESTINA OG - TopicsExpress



          

HEIMKOME ETTER EIN FANTASTISK TUR TIL ISRAEL, PALESTINA OG BUDAPEST! Ei reise stinn av opplevingar og inntrykk -. Mange høgdepunkt, men det beste var å få treffe att vår kjære ven ALEX som oss plukka oliven hjå for 25 år sidan (- og som oss sidan har halde kontakta med :-) ). Stort å få vere med på feiringa av 90-årsdagen hass ilag med slekt og vener frå heile Israel + sonen frå Tyskland! Laget vart halde på ein arabisk restaurant og eg spelte norske folketonar på bl.fløyta mi. Å framføre denne musikken i så eksotiske omgjevnader, så langt unna opphavsstaden, var veldig spesielt. Besøket vårt heime hjå fadderjenta eg har i SOS BARNEBY PÅ VESTBREDDEN (Betlehem), gjorde au stort inntrykk. Det var rørande og imponerande å sjå kor mykje som vart gjort for at barna skulle ha det så trygt og bra som mogleg trass i vanskelege omstende. Nydelege ungar som hadde fått ei ny sjanse og trygge vaksne som ga dei omsorg og kjærleik i rikt mon. Oss fekk ei så varm mottaking! Ein anna dag vart oss med på ein guida tur innpå Vestbredden (Palestina). Kontrastfylt! Besøkte både historiske plassar, palestinsk flyktningeleir, fabrikkar m.m. i og rundt byen NABLUS. Trist å sjå kor vanskelege forhold palestinarane lever under som fylgje av Israel si handtering av dei! Etter å ha vore i Israel i alt 6-7 gonger (tilsaman 1/2 år), er vårt inntrykk at folk flest,- både blant israelarane og palestinarane -, ynskjer å leve i fred ved sidan av kvarandre. NÅR SKAL VANLEGE FOLK BLI HØYRD??! Å besøke JERUSALEM er eit must! Oss bur alltid innanfor dei gamle murane i gamlebyen. Der lever ein midt i tusen og en natt,- tett på den eldgamle historia, 3 verdensrelegionar, tradisjonar og kulturar som vert halde veldig i hevd. Er som å vere i ei levande historiebok. 24-timars stoppet i BUDAPEST vart sjølvsagt for stutt, men den vesle smakebiten oss fekk av gamal bygningsarkitektur, nydelege kyrkjebygg og besøk i eit gamalt og vakkert utsmykka kurbad, ga verkeleg meirsmak.
Posted on: Sun, 03 Nov 2013 01:25:01 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015