AV STAD! Eg syng om det som strøymer gjennom oss som sorg, som - TopicsExpress



          

AV STAD! Eg syng om det som strøymer gjennom oss som sorg, som store bølgjer blått og grønt som fallet av ein poppel ved vindauget til Rilke som legg landskapet flatt, fjernar samanheng og himmel Eg syng om det som gøymer seg i oss som glede, som silkefaner, sommarhimlar, sjø som skuggen av di skulder i skumringa som undersida av solgjennomlyste lauv av lønn Eg syng om det som havet lagar av tid og døger Bølgjande utanfor det som alle ropar Dette rop: Å gripa dagen! Dagen som forstummar når natta sig innover sinnskapet og grip alt i sitt grep av veldig mørknande blått Eg syng om dette, eg som kjenner lyset, gleda, lauvet, syng om dette, konkret og mørkare enn det kjende, mørkare enn gledas kopar Eit mørkt tre av jord med rot i røynda, på djupblått fjell frå verdas første dag, frå mennesket si første morgonsjel Eg syng om det som varer og lyser i si sølvstrengtid Eg syng om eika, om poppelen, om treet som famnar i sitt greinegrep ein måne av lysande svevande stein, ein skugge styrkt av sjel, av mennesketid Me veit om meir, me veit om alt, om me bare kan opna vindauget i den siste veggen og opna auga Å sjå, og kjenna hjartet slå gjennom den pulserande månen den bankande hjartenatta, den utanforliggjande tida som ikkje kviler på historia, men reiser sitt knokkelhovud av marmor og hud, og som opnar sitt auge av natt og himmel Eg syng om det me alle veit og målar dette møtet igjen og igjen, mellom havet som kviskrar mot kveldens fjell mellom himmelen av tankar og kjensler og mitt vaknande rop av rovfuglnatt mørk som ei blodåre bankande under marmor Under alt me gjer, alt me tenkjer, reflektert i skrift Bankande i penselens puls, i lerretet sitt brev av hud, i diktet sitt frimerkepust. Denne første tanke oppstått i poppelens lauv den dagen øksebonden vaknar og tenkjer: I dag skal treet ned Her er me: denne første dag av blått, Skjelvande i doggfriskt lys av nesten ingenting Klare nå for dette pust av stad som kviskrar: Her! Av stad!
Posted on: Sun, 14 Jul 2013 09:11:03 +0000

Recently Viewed Topics




© 2015