Bør folk, og serleg politikarar skrive i affekt på Fjesbok? - TopicsExpress



          

Bør folk, og serleg politikarar skrive i affekt på Fjesbok? Hanne Kristin Rohde, tidlegare toppleiar i Oslopolitiet, meinar nei i eit innlegg i Aftenposten. Ho går lenger og seier det ho kallar usaklege ytringar på Fjesbok er ein uting, og hevdar det hindrar kommunikasjon. Ho tek som eksempel somme ytringar som har råka både politiet - som ho kjem frå - og Regjeringi. Å skriva sakleg og underhaldande er flott. Men å skriva usakleg og hardt er og ei uttrykksform. Innlegget kjem i Aftenposten samstundes som språkvaktaren Per Egil Hegge i same avis tek for seg eit par "saklege" uttrykk som er nytta i helseordskiftet. Han tek føre seg ordet "pasientproduksjon" nytta av helsebyråkratar og helsepolitikarar, og refererer til ein tannlege som stiller seg utanforståande til at det er "pasientproduksjon" av sakeslause mennesker han driv med når han gjer folk friske. Hegge tek og for seg ordet "biomasse", som er nytta av helsepolitikarar og helsebyråkratar. Hegge har funne fram til følgjande ordforklaring av det ordet i Norsk ordbok, Kunnskapsforlaget: Plantemasse produsert ved fotosyntese, vurdert som energipotensiale".I nynorskordboki er ordet definert slik dei som jobbar med fiskeoppdrett nyttar det: "Biomasse - mengd av levande materiale i eit område, uttrykt i vekt eller volum. NTNU nyttar omgrepet biomasse på følgjande måte: "Biomasse er en fellesbetegnelse på brensel fra trær og planter, gjødsel, skogsavfall og brenntorv. I teorien kan alt biologisk materiale brukes som biomasse, og i dag brukes skogflis, slakteavfall, halm og husdyrgjødsel til å produsere energi. Massen består av blant annet karbon og hydrogen, og har derfor stor energitetthet". I desse dagar då gamle politikarar og statssekretærar rømmer til lobbyselskap, som tek seg serdeles godt betalt for å presentere bodskap - kan det vere på sin plass å nemne at språk er makt. At folk i enkelte situasjonar skriv i affekt på Fjesbok, kan og ha samanheng med at dei ikkje er i ein situasjon der dei når fram til makti, eller har pengar til å betala for å nå fram til makti. Då er faktisk det å skriva i affekt noko positivt i eit demokrati. Og det er vel mildt sagt usakleg å definere pasientar som: " Slakteavfall, halm og husdyrgjødsel"?
Posted on: Thu, 12 Sep 2013 07:59:55 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015