Eg har aldri vore i Dubai, trur faktisk at eg kan seia at eg kjem - TopicsExpress



          

Eg har aldri vore i Dubai, trur faktisk at eg kan seia at eg kjem aldri til å reisa dit, heller. Dei har prøvd å gjera seg lekre for vestlege turistar i mange år, dei har til og med klart å bli arrangørar av handball-VM i 2015 og fotball-VM i 2022. Men så lenge dei har eit kvinnesyn frå middelalderen, ser eg ingen grunn til at eg skal bruka mine pengar på å reisa dit. Faktum er og at omlag 80 % av dei som arbeider i servicenæringane i landet kjem frå utlandet, flesteparten er ufaglært arbeidskraft som kjem frå land som India, Pakistan, Filippinane, Sri Lanka og Bangladesh. Dei bur under svært kummerlege forhold i arbeidsleirar, og av det vesle dei tener vert mesteparten sendt heim til familiane deira. Ei kynisk utnytting av fattige, ufaglærte arbeidsfolk. Vil oppfordra alle til rett og slett å boikotta heile landet. dagbladet.no/2013/07/19/nyheter/dubai/voldtekt/turistkontoret/facebook/28274406/
Posted on: Fri, 19 Jul 2013 22:13:12 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015